n

Oslopakke 3 øydelegg seg sjølv

Oslo bystyre har avgitt en høringsuttalelse i kveld, til riksveibudsjettet. Riksveiprosjektene som er aktuelle er sterkt knytta opp til Oslopakke 3. Rødts Ingrid Baltzersen holdt dette innlegget i saka:

Rødt har heile tida vore mot Oslopakke 3, og har følt seg litt som den romerske senatoren som avslutta kvart innlegg med å seia at: “Forøvrig mener jeg Kartago bør ødelegges.” Men no ser det ut som om oslopakka øydelegg seg sjølv.

Me var mot Oslopakke 3 delvis fordi det blei forhandla i lukka rom mellom representantar for dei største partia, og bystyret i Oslo og Fylkestinget i Akershus ikkje fekk diskutera pakka før det var bestemt.

Men det viktigaste problemet med Oslopakke 3 er at det er ei stor opprustningspakke for samferdsel i Oslo-området, der ein først og fremst legg opp til massiv vegutbygging, i tillegg til ei viss styrking av kollektivtrafikken, utbygging av sykkelvegar og trafikksikring.

Statens vegvesen og Jarnbaneverket laga ei konseptplanutreiing for eit par år sidan som viser at vegutbygginga det er lagt opp til vil føra til sterk auke i privatbilismen i Oslo-regionen, noko som står i sterk motstrid til vedtak i Oslo bystyre om 50 % utsleppreduksjon av klimagassar innan 2030. Ein hadde altså fått mindre klimagassutslepp utan pakka, fordi utan desse massive vegutbyggingane ville det blitt så trongt at bilane ikkje kom fram for å forureina.

Oslopakke 3 er altså ein plan for meir klimagassutslepp. Og no ser det ut til å bli ein plan for endå meir klimagassutslepp, fordi Statens vegvesen presser gjennom at me skal uttala oss om riksvegsbudsjettet no, før Oslo bystyre og fylkestinget har fått gjort vedtak om korleis ein ønsker å prioritera dei ulike veg- og kollektivprosjekta no når vegprosjekta trugar med å sprenga ramma ein har blitt einig om for Oslopakka. Noko Raudt og tidlegare RV har åtvara mot frå starten av.

Det er positivt at fleire parti begynner å sjå kva Oslopakke 3 inneber. Me får håpa at ikkje alle pengane er brukt opp på vegprosjekt før denne erkjenninga fører til handling.

Kommentér