Ingrid Baltzersen

Navn: Ingrid Baltzersen
Alder: 27
Yrke: student/
nestleiar RV/Raudt
Bosted: Ammerud
Ingrid Baltzersen er 27 år, nestleiar i RV/Raudt og nyfrelst groruddøl. Ho kjem opprinneleg fra Stavanger, men flytta til Oslo for nokre år sia for å studera. Ingrid har jobba mykje med anti-rasisme og internasjonale spørsmål, men etter kvart har ho sett at mange av dei tinga ho er engasjert i òg er lokalpolitikk:
“Eg ser at mange folk slit og har det vanskeleg, og det går an å gjera enkle grep for at folk skal få det betre, som billigare barnehage og SFO, utbygging av leige-boligar og høgare sosialhjelpssatsar. For å få endra alt eg har lyst til trengst det ei grunnleggande samfunns-endring, men det er viktig å prøva å få til det ein kan.”
Hjertesaker
Ingrid har fleire saker ho er spesielt opptatt av. Blant anna vil ho ha eit betre kollektivtrafikktilbod: billigare, betre utbygd og med avgonger oftare — spesielt i Groruddalen. Ingrid meiner òg kommunen bør regulera boligmarknaden sterkare og byggje fleire utleigeboligar. Og ho vil at Oslo kommune skal boikotta Israel, og oppfordra innbyggjarane til forbrukarboikott.
Ingrid ville inn i Oslo bystyre for å hjelpa folk å få fram sakene deira. RV kan ikkje få til nokon ting utan at folk engasjerer seg sjølve:
“På vegne av andre har me ingen styrke, men saman med folk kan me få forandra ein del ting i Oslo òg!”
Kontaktinfo
Mobil: 988 76 578
E-post: ingrid@raudt.no
Blogg: baltzersen.wordpress.com






